ATV-ulukke på Stadlandet

Med luftambulanse til sjukehus

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Det har i ettermiddag vore ei ulukke med ein ATV ved Sandvikseidet på FV619 på Stadlandet. To personar var involverte. Ambulanse og politi rykte ut. Politiet rapporter om at ingen er fastklemd, men ein person har smerter.

Innsatsleiar Morten Hagen fortel at det var ein einsleg ATV som køyrde utfor vegen og hamna i autovernet. Hagen er usikker på skadeomfanget. AMK opplyser til Fjordabladet at ein person vart frakta med luftambulanse til sjukehus i Helse Førde.