Giftinformasjonen opplever massivt trykk under høgsesong for sopp

Giftinformasjonen har hatt ein enorm auke i førespurnader om sopp i sommar. Ekspert ber folk kjenne til dei vanlegaste giftsoppane.

Folkehelseinstituttet har opplevd ein auka pågang av folk som har ete sopp i sommar, og ber soppsankarar om å oppsøkje hjelp før dei et soppen.   Foto: Sara Johannessen

Nyhende

Det finst fleire tusen soppartar i norsk natur. Mange er det ufarleg å smake på, men det finst sopp som er så giftig at sjølv ein liten smakebit kan føre til alvorleg forgifting.