Urovekkande mange MC-ulykker i sommar

Ni personar omkom på norske vegar i juli. MC-førarar utgjer fleirtalet av omkomne i sommar. 
Nyhende

Totalt ni personar mista livet i trafikken i juli.

Ein person omkom i fylka Møre og Romsdal og Nordland. I Oslo og Viken var det 2 dødsfall i juli-trafikken. Innlandet toppar statistikken med 3 omkomne.

4 kvinner og 5 menn mista livet.

Urovekkande MC-tal

11 av totalt 18 omkomne i sommarmånadane juni og juli var MC-førarar.

Av dei 11 motorsyklistane omkom 7 i utforkøyringsulykker. To av ulykkene var møteulykker; i begge tilfella skuldast ulykka at motorsykkelen gjennomførte ei forbikøyring.

Gjennomsnittsalderen blant dei omkomne er relativt høg: 9 av dei 11 omkomne på motorsykkel var aldersgruppa 40-59 år.

— Dette er svært urovekkande tal, seier Guro Ranes, avdelingsdirektør for trafikksikkerheit i Statens vegvesen.

Vegvesenet si ulykkesanalysegruppe skal analysera alle ulykkene, for å kartlegga årsaker og eventuelle samanhengar.

— Det er for tidleg å seia noko om kva denne auken skuldast, eller om det me ser er ein trend, seier Ranes, som understrekar kor viktig det er for Vegvesenet å halda på det gode samarbeidet med motorsyklistane sine interesseorganisasjonar.

Inga korona-endring

Så langt i år ligg talet på omkomne i trafikken litt over fjoråret.

— Det synest ikkje å vera noko endring som kan tilskrivast korona-viruset, seier Ranes.

I andre europeiske land har talet på omkomne i trafikken gått til dels kraftig ned i 2020, som resultat av korona-pandemien. Dei norske tala liknar derimot nabolanda Sverige og Danmark, der ein også har registrert lite eller inga endring samanlikna med 2019.



Tal omkomne på norske vegar ved utgangen av juli:

*NB: Førebels tal i 2020

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020*

93

62

84

55

55

56

60



Tal omkomne fordelt på fylke

Fylke

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020*

Endring

Viken

28

131778

13

15

2

Oslo

2

3

3221

4

3

Innlandet

6

8

10

757

8

1

Vestfold og Telemark

10

6

7546

11

5

Agder

4

85266

2

-4

Rogaland

6

410670

2

2

Vestland

10

491195

4

-1

Møre og Romsdal

5

22

1

56

3

-3

Trøndelag

15

49822

3

1

Nordland

4

52358

5

-3

Troms og Finnmark

3

510322

3

1

Heile landet

93

62

84

55

55

56

60



Tal omkomne fordelt på uhellstype

Uhellstype

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

Endring

Møteulykker

35

15

31

20

26

17

22

5

Utforkøyring

32

17

32

1518

20

26

6

Kryssulykke

11

9

4

3

2

3

3

-

Påkøyring bakfrå

3

7

2

4

4

4

1

-3

Fotgjengarulykke

12

8

7

8

4

7

5

-2

Anna

0

6

8

5

1

5

3

-2

SUM

93

62

84

55

55

56

60



Tal omkomne fordelt på eining

Eining

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

Endring

Fotgjengar

10

7

7837

6

-1

Sykkel

4

36644

4

-

Moped

0

0

1120

0

-

MC

16

161311811

15

4

Personbil

46

3142253124

28

4

Tungbil

3

36358

5

-3

Buss

7

0100

1

1

-

Anna

7

28121

1

-1

SUM

93

62

84

55

55

56

60



Tal omkomne fordelt på alder

Alder

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

Endring

0-15

5

2

0

1

1

0

1

1

16-24

12

13

18

8

12

8

10

2

25-44

20

17

19

11

14

15

14

-1

45-64

27

15

30

19

14

17

23

6

65+

29

15

17

16

14

16

12

-4

SUM

93

62

84

55

55

56

60

4