Satsar for fullt på ei framtid som bønder på Åshamar

Denne månaden overtok Nikolai Åshamar (27) farsgarden på Åshamar. No satsar han og sambuaren Malin Liland (24) på ei framtid saman, og eit liv som bønder.

Framtid: Malin Liland og Nikolai Åshamar legg ikkje skjul på at dei ser føre seg eit liv saman på bruket på Åshamar i framtida. – Vi har ikkje fastsett noko tidspunkt for bryllaup endå, men det blir vel om nokre år, seier dei to. I tillegg til å drive eigen gard, er Nikolai også landbruksentreprenør. Det betyr at han slår og pressar rundballar for andre bønder i Nordfjord. – Entreprenørverksemda er bakgrunnen for at vi kan ha denne traktoren, seier Nikolai og Malin. Alle foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Slik Fjordabladet forstår det var det aldri tvil om kven som skulle ta over garden på Åshamar, den dagen Kjell Magne bestemte seg for å gje seg.