Mange permitterte er tilbake i jobb i juli

–Talet på permitterte i Vestland fylke er redusert med 4 390 personar frå juni, fortel fungerande direktør NAV Vestland, Bjarte Hysing-Olsen.  Dette er ein konsekvens av aukande aktivitet i fleire av bransjane som var hardast råka. Samstundes ser vi at talet på heilt ledige er stabilt, med ein svak auke på 337 personar noko som ikkje er uvanleg i juli månad.
Nyhende

I Vestland er arbeidsløysa no 4,7 prosent mot 4,6 prosent i juni. På landsnivå er arbeidsløysa på 4,9 prosent.

–Samla sett ser vi same utvikinga i Vestland fylke som på landsnivå. På Vestlandet elles noterer Rogaland ei arbeidsløyse på 4,9 prosent og Møre og Romsdal 4,2 prosent. Oslo ligg høgast med 6,7 prosent og i den andre enden finn vi Nordland med berre 3,2 prosent, fortel Hysing-Olsen.

Som ein følgje av at mange permitterte er tilbake i full jobb fall talet på delvis ledige kraftig frå 14 583 til 9 479 sidan juni. Dette gjeld innan alle bransjar og som venta ser vi sterk nedgang innan butikkarbeid med -738 personar, reiseliv og transport -669 personar, men gledeleg også for industri og bygg og anlegg med høvesvis -533 og -397.

Som vi ser på landsnivå mellom fylka, har vi store skilnader mellom kommunane våre i arbeidsløyseprosent. Bergen har framleis godt over halvparten av alle ledige i fylket noko som utgjer 5,6 prosent av arbeidsstyrken berre «slått» av Stord med 5,9 prosent. I den andre enden finn vi Gulen med 1,2 prosent og Vik med 1,4 prosent. Heile 15 kommunar har 3 prosent eller lågare arbeidsløyse i fylket vårt, fortel Hysing-Olsen.

Stillingstilgangen i juli er opp med 7 prosent samanlikna med juli i fjor. Det vart utlyst 2 719 stillingar. Flest innan butikk og salsarbeid (629), helse/pleie/omsorg (433) og bygg og anlegg (318). Dette er godt nytt for alle dei som framleis er heilt eller delvis utan arbeid i fylket, men det er sjølvsagt skarp konkurranse om jobbane når så mange med erfaring og kompetanse er ledige.

Talet på personar som har vore ledige over 26 veker utgjer no 4 963 personar, ein auke på 669 frå juni. Dette er ikkje uventa ettersom mange av dei som var ledige før krisa ikkje har kome i arbeid att og såleis får vi stadig fleire langtidsledige.

–Dette er ei utvikling som vi følgjer nøye og vil prioritere innsats på framover, seier Hysing-Olsen.

–Utsiktene framover er usikre. Det vil ta tid å erstatte tap av arbeidsplassar som følgje konkursar og nedskjeringar, sjølv om konsekvensane av pandemien vonleg vert mindre utover hausten. Om det ikkje kjem alvorlege tilbakeslag ventar vi at stoda i fylket vil utvikle seg positivt fram mot årsskiftet. Vår beste spådom for neste år er at bruttoarbeidsløysa i gjennomsnitt, vil vere rundt en tredjedel av kva den har vore på det høgaste under koronakrisen og nesten tilbake til situasjonen før krisa mot slutten av 2021, avsluttar Hysing-Olsen.


Nøkkeltal for NAV Vestland


Juli 2020

Endring frå juni 2020

Heilt ledige

15 909

+337

I prosent av arbeidsstyrken

4,7 prosent

+0,1 prosentpoeng

Langtids arbeidssøkarar

4 963

+15,6 prosent (669 fleire)

Ledig ungdom under 25 år

2054

- 9,4 prosent

Tilgang på ledige stillingar

2 719

+7 prosent

(jamført juli 2019)