Leiar

Distriktet si framtid

Det ikkje tvil om at landbruket spelar ei særdeles viktig rolle i Stad og mange andre distriktskommunar.

Framtid: Malin Liland og Nikolai Åshamar planlegg ei framtid på bruket på Åshamar.   Foto: Tormod Flatebø

Desse unge er den viktigaste ressursane for distriktet si framtid

Nyhende

I Sogn og Fjordane har det i mange år vore eit uttrykt ønskje om å få utflytta ungdom til å flytte tilbake. I like mange år har det blitt lagt mykje arbeid ned i å få folk som nødvendigvis ikkje har nokon tilknyting til kommunane i det gale fylket til å finne seg spennande jobbar og slå seg ned mellom fjord og fjell. Tilsynelatande har det ikkje blitt snakka like høgt om at det er viktig å få ungdom til å bli. Distrikta har mange næringa som er viktige for landet. Spesielt primærnæringar som gjer at vi kan få god sunn norskprodusert mat på borda våre kvar dag heile året.

I denne utgåva av Fjordabladet kan du eit kjærastepar, Nikolai Åshamar og Malin Liland, som har gjort sine val. Dei blir i heimfylket, i heimkommunen for å byggje eit liv saman som bønder. Begge kunne heilt sikkert valt som mange andre, å reise ut få ei høgare utdanning og ein god jobb i næringsliv eller i det offentlege. Men det gjer dei ikkje. Dei vel å gå «all in» som bønder og mjølkeprodusentar. For å følgje med i utviklinga betyr eit slikt val også store investeringar. Dei unge bøndene har planane klare for korleis deira kvardag som bønder kan bli litt enklare og lettare, enn det den var for dei som driv gardsbruk før dei.

Det unge paret er ikkje dei første, ei heller dei siste som vel å satse på ei framtid som bønder. Men det er mange døme på det motsette også. Odels-/gutar og jenter som heller vel å legge ned bruka og satse på ei, kanskje enklare framtid i ein jobb som både er betre betalt, og som kanskje ikkje krev så mykje av den enkelte. Det bidraget desse to ungdomane gjev for at vi både kan få mat på bordet, og samstundes opprettheld viktige arbeidsplassar og busetting i distriktet er særdeles viktig. Vi meiner det er viktig å gje honnør til alle dei som ønskjer å bidra til at det kan bu folk i alle delar av landet. I den samanheng er det ikkje tvil om at landbruket spelar ei særdeles viktig rolle. Då står det berre att å ønskje kjærasteparet all lukke på vegen. Til dykk andre; Ha ei retteleg god helg med god mat frå den norske bonden på bordet.