Stårheim IL friidrett held fram med å imponere

Til topps i Fjord1 leikane

Deltakarane frå Stårheim IL friidrett har hevda seg på nytt i stemne. Denne gongen under Fjord1 leikane i Florø, der dei kunne reise heim med fire førsteplassar og fire andreplassar.

Dei trenar under tilhøve som er langt frå optimale i gymsalen på Stårheim skule og ute på grusbana i Torvik. På ulike stemner klarer dei likevel å hevde seg. Frå venstre Eline Starheim Lundmoen, Theodor Kvalheim Osnes og Beate Starheim frå Starheim IL.   Foto: Privat

Nyhende

Dei er ikkje mange, og treningstilhøva er langt i frå optimale. Likevel reiser unge utøvarar innan friidrett frå Stårheim rundt på ulike stemne, for å hente heim topplasseringar. Det i konkurranse med langt større klubbar innan sporten, som har treningstilhøve dei berre kan drøyme om.