Ser konturane av ny koronabølgje

NPK: – Vi kan sjå konturane av at ei bølgje nummer to sannsynlegvis kjem, seier forskar Gunnveig Grødeland ved UIO

Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK 

Nyhende

Til VG seier Grødeland, som forskar på immunologi og vaksineutvikling ved Immunologisk institutt, at ei ny bølgje er fullt mogleg. Ho grunngir det med at nordmenn no både reiser og rører seg meir rundt.