Minneord over Yngve Tolaas

Nyhende

Denne veka tok vi farvel med ein god kollega som vi sette stor pris på. Yngve Tolaas fekk jobb i Fjordabladet sommaren 2003. Først som vikar i redaksjonen, men det tok ikkje lange tida før han vart fast tilsett journalist. Hovudansvarsområdet til Yngve var sport. I kraft av sin kunnskap og innsikt, vart han også rimeleg raskt redaktøren sin avløyser. Den jobben hadde Yngve heilt fram til han brått vart sjukemeldt hausten 2018.

At det var Yngve som fekk hovudansvar for sportsdekninga i Fjordabladet var naturleg. Få, om nokon, hadde betre oversikt over det som rørte seg av små og store saker og ting innan idretten. Ikkje berre i eigen kommune, men i heile regionen og fylket. Han hadde eit særskilt godt auge til fotball, som han sjølv hadde vore ein del av i yngre år. Han var på førenamn med dei fleste utøvarane, trenarane og oppmenn i fotballen i gamle Sogn og Fjordane.

Men som journalist i lokalavis må ein også vere budd på å dekke dei fleste felt innan journalistikken. Yngve skjøtte også denne delen av jobben på ein stødig og sikker måte. Han var ein dyktig og ikkje minst prinsippfast journalist. I tillegg hadde han alltid ein god kommentar, og i mange tilfelle eit «skråblikk» på det som rørte seg i nyhendebiletet. Meir enn ein gong reiste han det sentrale spørsmålet som alle dyktige journalistar børe stille; «Kva betyr dette for folk»?

I tida før Yngve vart sjukmeldt, fekk vi som jobba saman med han inntrykk av at han sleit ein del med helsa. Derfor kom det ikkje som nokon stor overrasking at han måtte ta ein «timeout». Det store sjokket for alle som jobba saman med Yngve, var kor alvorleg diagnosen han fekk var. Sjølv om Yngve var ein svært privat person, så var han open overfor sine arbeidskollegaer om diagnosen han hadde fått. Sjølv gav han uttrykk for at han ikkje hadde særleg tru på at han kom til å leve særleg mange år. Slik var Yngve. Han var ein dønn ærleg realist som ikkje la skjul på ting. Korkje overfor seg sjølv eller andre.

Vi som framleis jobbar i Fjordabladet, og som har hatt Yngve som kollega i 17 år, har følt saknet etter kollegaen vår heilt sidan han vart sjuk. Saknet og sorga, som vi deler med familien, Marita deira tre barn, kjem ikkje til å bli mindre i tida som kjem. Vi takkar for at vi fekk ha deg som kollega, og vere saman med deg Yngve. Med dette lyser vi Fred Over Ditt Minne.