Det frivillige skyttarvesen

Inviterer til landsskyttarstemne på heimebane

Årets landsskyttarstemne (LS) på Elverum vart avlyst på grunn av koronapandemien. Det frivillige skyttarvesenet (DFS) opnar for LS på skyttaranes eigne banar.

Her er skyttarfolket samla til Landsskytterstemne på Voss i 2012. Årets landsskyttarstemne på Elverum er avlyst, men no blir skyttarane tilbodne eit «heime-LS» som erstatning.   Foto: Hommedal, Marit

Nyhende

I perioden 1.–11. august blir derfor dei 830 skyttarlaga i landet tilbodne å arrangere heimebanekonkurransar som er kalla «heime-LS». Målet er at det skal bli like mange deltakarar som eit normalt landsskyttarstemne ville fått.