Gjenopnar barne- og ungdomsidretten

NPK: Regjeringa gjenopnar barne- og ungdomsidretten frå 1. august.

Stadfestar: Avgjersla om å gi unntak frå avstandskravet gjer at det igjen kan opnast for kampar og andre konkurransesituasjonar for borne- og ungdomsidretten opp til og med 19 år. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK 

Nyhende

I juni varsla regjeringa at dersom smittesituasjonen gjorde det mogleg ville det frå 1. august bli gitt unntak frå avstandskravet på minst ein meter ved gjennomføring av konkurransar for born og unge under 20 år. No stadfestar regjeringa at dei står fast ved unntaket.