Frå naturvern til klimakamp

Korleis vi skal forvalte naturressursane vi har her i Noreg er det mange meiningar om. På 70-talet herja debatten om vern av vassdrag. I dag demonstrerer folk mot at friluftsområda deira skal bli vindmølleparkar.

47 turbinar: Ved Guleslettene vindpark like ved Florø skal det totalt bli 47 vindmøller. Kvart tårn er 90 meter høgt. Foto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK 

Nyhende

Debattantane har ein viss likskap: Vi treng fornybar energi og vi har naturressursane som trengst for å skape han. Samtidig er vi nøydde til å ofre delar av naturen, som for mange er verdifulle område til friluftsliv eller landbruk. Men kva skil debatten i dag frå den tilbake på 70-åra?