Det bryggjer opp til listestrid i Venstre

Sveinung Rotevatn mot Terje Breivik kan bli kampen i haust om førsteplassen på Venstres stortingsliste for Hordaland.

Sveinung Rotevatn kjempar om å bli Venstre-leiar etter Trine Skei Grande. Samtidig er han også aktuell som nestleiar i partiet. No kan han skyve partikollega Terje Breivik ut av Stortinget. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK  Foto: Håkon Mosvold Larsen

Nyhende

Breivik er sitjande stortingsrepresentant frå Hordaland og nestleiar i partiet. Rotevatn var førstekandidat for Sogn og Fjordane i førre val og er kandidat til å bli partileiar. Då er plassen i Sogn og Fjordane for uviss, skriv Bergens Tidende.