Busselskap vil ha endring i koronareglar

NPK: På kortare bussturar kan folk no sitje ved sida av kvarandre. På reiser over ein time gjeld framleis einmetersregelen. Busselskapa fortviler over økonomiske tap.

Einmetersregelen: På bybussar kan du no sitte skulder ved skulder, men på bussturar over ein time gjeld framleis einmetersregelen. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix 

Nyhende

– Korleis reglane skal vere må regjeringa svare på, men av økonomiske omsyn skulle eg gjerne sett at vi fekk fylle bussane att. Dette rammar oss hardt, seier Merethe Olsen, administrerande direktør i busselskapet Nor-Way.