Stor trafikk på Haugen gjenbruksstasjon i sommar

13 prosent meir trevirke

Sommarsesongen 2020 er det blitt levert tretten prosent meir trevirke i høve til fjoråret ved Haugen gjenbruksstasjon. Dette viser tal til og med juni.

Lars Einar Bjørneset (t.h.) har rive ein eldre veranda og bygt ny platting i sommar. Her kastar han material frå den gamle saman med David Balsnes Lefdal. Bjørneset er ein av mange som har brukt sommarferien i år til oppussing. Han jobbar også i Eid kommune, og er glad for at han i jobbsamanheng kan nytte gjenbruksstasjonen på Haugen.   Foto: Inger Træen

Nyhende

Fleire har opplevd at det har vore stor trafikk på Haugen gjenbruksstasjon denne sommaren. Mange bilar i kø og etterkvart mykje boss i containerane. Og det er avfall av typen trevirke som har hatt auke.