Energiske hageentusiastar på Kjørstad

I Hjelmelandsdalen har Tove og Jon Kjørstad skapt ein hage, som det i mangfald og blomsterprakt, er dei færraste forunnt å oppnå.

SOMMARBLOMRAR I FLOR: Tove og Jon Kjørstad på verandaen med massevis av sommarblomar: solblom, stemor, tagetes og lobelia og andre. Alle foto: Per Ole Lefdalsnes (POL) 

HAGENS STOLTHEIT: Kallar Jon denne planten som på norsk heiter Buskstrandkål. Den vert imponerande to meter høg og har store blad og kvite blomar. 

FLUST MED SOLBLOM: Ein av Jon sine favorittar. Blomen opnar seg berre når det er sol. 

RIDDARSPORE OG HES: Blå riddarspore er ein svært prydefull staude. Jo Kjørstad viser stolt fram hesa. 

KOSEKROKEN «SCENA»: Favorittstad for kaffikos ein fin sommardag. «Mottholfestivalen» er namnet på slektsstemnet på Kjørstad tredjekvart år. 

TROMPETBLOM: Staseleg og eksotisk sommarblom med trompetforma blomar i mange ulike fargar og blømer frå juli til september. 

DEKORATIV OG GODDUFTANDE: Sjasminen trivst godt i hagen på Kjørstad og er ein imponerande staude, som er ein pryd for alle hagar. 

FLOTT ROSETRE: Dette imponerande rosetreet heiter «Flammentanz» 

KJøkeNhage: Her vert det dyrka både potet, salat og mykje anna godt. 

Nyhende

I den bortimot to mål store og flate hagen deira er alt som høyrer til i ein draumehage. Blant dei fleire hundre hageplantane, finn ein eit stort utval av praktfulle staudar, roser, eit rikt utval av frodig blømande sommarblomar, frukttre og til og med ein kjøkenhage.

Mange års arbeid

Det er sjølvsagt ikkje gjort over natta å skape ein slik hage. Tove og Jon fortel at dei i mange tiår har jobba mykje med hagen, også då dei budde i Stryn. Då dei flytte til Kjørstad, heimegarden til Jon, i 2003, blei hagearbeidet endå meir omfattande, og dei er stolte av det dei har fått til. Det er og litt av eit syn når blomane no midtsommars står i full flor.

Gamal slektsgard

Jon Kjørstad fortel at han er sjuande generasjon i rett linje på garden, som er på rundt 30 mål innmark og ein del utmark. Foreldra hans, Brynhild og Kristian Kjørstad, dreiv garden, og starta i tillegg Harpefossen Fjellstove i 1965. No er garden bortpakta, men Tove og Jon bur på garden, og brukar mykje av fritida si i sommarhalvåret på den flotte hagen.

Jon avslører at han heile livet har vore interessert i blomar. Det starta med blomkarse, og då dei slo seg ned i Stryn på slutten av 1960-talet, fekk dei etter kvart ein fin hage der. Jon jobba i alt i 34 år i lensmannsetaten i Stryn. Dei siste 13 åra som lensmann.

Tove er fødd og oppvaksen i Haugen, og dei gifte seg i 1968. Ho har jobba i ungdomsskulen i Stryn og seinare i kulturskulen i Eid, og hageinteressa til mannen smitta over på henne også, så dermed var det to med «grøne fingrar» i familien.

Glede og livskvalitet

Dei begge samstemte når dei lovprisar hagearbeidet. Våren kan vere ei travel tid, men det er fort gløymt nå hagen etter kvart viser seg i all sin prakt. Det er så kjekt når ein får det til, og så fint å sjå på. Jon vedgår at han «må» styre med ting som veks, og eksperimentere og prøve nye ting.

Tove er mest begeistra for staudar og sommarblomar, medan Jon framhevar Nemesia, rosa «Last Summer» og solblom, som opnar blomane berre når det er sol, som sine favorittar.

Dei har hundrevis av plantar i hagen, ein del roser men mest staudar og frøplantar som solblom, tagetes, kornblom, blåøye, blomkarse og erteblom.

Stor familie

Dei har fire barn og 11 barnebarn, og høgdepunktet om sommaren er når barnebarna kjem på besøk. Då må hagen vere på stell, og så hesjar dei ei hes under mykje moro. Dei låner og kaninar og kattungar til barnebarna, og har klekkeklare egg i rugemaskinen. Det kjekkaste for ungane er når nyklekte kyllingar kjem ut av egget og kan takast ut av rugemaskinen.

Kvart tredje år er det slektsstemne på Kjørstad, kalla Mottholfestival, og då samlast rundt 60 slektningar til festleg samvær.

Hjortejakt og reiser

Dei er begge ivrige med i hjortejakta om hausten, og har reist ein god del rundt om i vinterhalvåret.. Det vert gjerne nokre veker på Tenerife kvar vinter. Båe likar å gå på ski, og Jon var tidlegare aktiv i hornmusikken.

Tove syr klede og det har dessutan blitt ein god del bunadar opp gjennom åra.

Staren, som er borte frå mange stader i kommunen, har funne seg godt til rette på Kjørstad, og fyller opp fuglekassane år etter år. Når ungane er ferske ute av reiret, gjeld det å ha god kontroll på katten, Sabrina(8 år). Kattar er som kjent ivrige jegerar.