Ny i rolla som ordførar

Ordførar Alfred Bjørlo (V) har ferie, noko som betyr at varaordførar Siri Sandvik (Ap) for fyrste gong er fungerande ordførar i Stad kommune.

VARAORDFØRAR: Siri Sandvik trivst som varaordførar, men ser fram til tre veker i rolla som fungerande ordførar for fyrste gong.   Foto: Lina Hjelmeland

Ein får halde på med noko som ein er engasjert i, treffe mange folk, og som både varaordførar og ordførar får ein eit stort innblikk i kommunen og regionen.

Nyhende

Siri Sandvik har no vore fungerande ordførar i ei veke, og skal halde fram med å vere fungerande ordførar i to veker til. Ho fortel at det førebels ikkje er kjempestor forskjell mellom å vere varaordførar og fungerande ordførar.