Leiar

Det viktigaste er arbeid

Norge sin spesielle og gunstige situasjon, er at vi har pengar på bok. Pengar som skal sikre velferdsstaten i vanskelege tider og også sikre at dei som skal overta landet får eit godt liv.

Illustrasjonsfoto. 

Det vil vere ein vinn vinn situasjon for alle partar

Nyhende


Då denne sommaren var i sin spede start var det mange som uttrykte uro i forhold til ungdom og sommarjobbar. Det er sjølvsagt viktig at ungdom får ein smak på arbeidslivet gjennom sommarjobbar. Men det viktigaste er at ungdom som er klare for arbeidslivet får seg ein varig og trygg jobb. Konsekvensen av eit stengt samfunn kan råke arbeidssøkande ungdom hardt. Styresmaktene våre skal ha ros for måten pandemien har vore handtert på. Både i forhold til dei ekstreme tiltak som har vore sett i verk for å beskytte befolkninga, og sikre at vi til ei kvar tid har nok intensivplassar på sjukehusa våre. Regjering og Storting skal også ha ros for alle dei ulike krisepakkane som er vedteken, for å gjere skadeomfanget for næringslivet minst mogleg. Alt dette er veldig bra og veldig viktig.

Norge sin spesielle og gunstige situasjon, er at vi har pengar på bok. Pengar som skal sikre velferdsstaten i vanskelege tider og også sikre at dei som skal overta landet får eit godt liv. Det er ikkje tvil om at denne felles formuen har kome godt med i den situasjonen vi har vore i, og framleis er i. Skal vi sikre vår ungdom eit godt liv i eit land med små skilnader mellom folk, er det heilt avgjerande at dei som treng arbeid får arbeid. Greier vi ikkje den jobben kan vi fort få eit samfunn der det blir større skilnader mellom dei som har og dei som ikkje har. Det er ein situasjon som vi må jobbe hardt for å unngå.

Alle veit at det er uløyste oppgåver i samfunnet, spesielt innanfor det offentlege. Kvar einaste dag kjem det meldingar om store behov innan til dømes eldreomsorg. Vi meiner bestemt at det vil vere både rekningssvarande å løyve ekstra kroner til kommunane, som er den største produsenten av velferdstenester nokre kroner ekstra slik at ungdom som treng arbeid kan vere med å løyse uløyste oppgåver. Det vil vere ein vinn vinn sitiasjon for alle partar. Både for dei som treng og for dei som kan gje.