‒ Norske jordbær smakar heilt fantastisk

Eg er flink til å inkludere andre, men kan lett overbooke meg sjølv.

Nyhende

Namn: Rakel Sørhaug

Alder: 20 år

Bustad: Bryggja

Familie: 2 sysken, storesyster og veslebror

Kjæledyr: Hybelkaniner

Yrke: Student

Bil: Ingen bil

‒ Kva skal du gjere i sommar, og korleis påverkar koronapandemien sommaren din?

‒ Skal jobbe litt. Så skal eg reise ein del på besøk til vener. Mykje soving i hengekøye og telt ute om vêret tillèt det, blir det og. Koronapandemien har ført til at eg måtte avlyse planen om å reise ein del i Sverige i sommar. Det blir heller ikkje Malakoff i år, så det får vente til neste sommar.

‒ Ditt best tips om kva ein kan gjere på heimstaden din i sommar?

‒ Om det ikkje regner, er det å utforske nye fjelltoppar. Så elskar eg å gå på café og restaurant, så det burde ein absolutt gjere. Ein burde og besøke alle dei fine butikkane rundt om.

‒ Kva er ditt beste sommarminne?

‒ Det må vere feriane heime då eg var mindre. Då verka sommarferiane evige. Vi bada heile dagen, og lyste etter krabbe om kveldane. Eg vil og nemne ferien på Gran Canaria med venegjengen i 2018.

‒ Korleis ser ein perfekt sommarkveld ut?

‒ Sol, grillmat, god musikk og gode vener.

‒ Favorittmat om sommaren?

‒ Norske jordbær smakar heilt fantastisk, men eg er også veldig glad i sommarkotelettar.

‒ Kva gjer du i fritida?

‒ I fritida går eg mykje i fjellet, og heng ein god del med vener og familie.

‒ Kva er du flink til, og kva er du mindre flink til?

‒ Eg er flink til å inkludere andre, men kan lett overbooke meg sjølv.

‒ Er det noko du er spesielt engasjert i på heimplassen?

‒ Eg engasjerte meg mykje i kampen for skulen på Bryggja. I det siste er det kampen mot vindmøllene på Stadlandet som har engasjert meg.

‒ Kva må til for å gjere Stad kommune meir attraktiv?

‒ Det må bli meir og betre kollektivtransport, slik at ein kjem seg rundt om, sjølv om ein ikkje har bil. Men då eg var mindre, ønska eg meg eit betre kulturtilbod.

‒ Kven ville du hatt med deg på ei aude øy?

‒ Ein komikar, for då kjem eg aldri til å kjede meg, så Else Kåss Furuseth.

‒ Kven vil du gje ein blome til?

‒ Trygve Slagsvold Vedum.

‒ Kunne du tenkje deg å bu andre stader enn Bryggja?

‒ Eg hadde eigentleg ein plan om å reise til Cuba i haust for å studere språk. Så når koronapandemien er over og det er trygt å reise, vil eg bu på Cuba ein kort periode.

‒ Kva les du/lyttar på/ ser du på om sommaren?

‒ Eg les Susanna Hillblomst sine «vårdromanar», høyrer på «konspirasjonspodden» og frå «Skurk til purk». Ser og på «Sommarbilen» av og til.

‒ Kva tykkjer du om lokalavisa Fjordabladet?

‒ Eg likar godt lokale nyheitssaker, Dessutan synest eg Fjordabladet er flink til å ta opp saker frå heile Stad kommune. Noko som er fint når eg ikkje bur heime pga. studiar. Då er det fint å kunne få ei nyhendeoppdatering på det som skjer heime.

‒ Det blir ikkje sommar utan …?

‒ Sol! Så eg håpar at vi får meir av det.