Kommunesamarbeid om smittevern

Stad, Kinn, Bremanger og Stryn kommune har underteikna ein felles avtale om samarbeid når det gjeld smittevern som omfattar ein felles «kohort» med sju sengeplassar i Stryn.

GÅR SAMAN: Med bakgrunn i smittevern og ressursbruk går kommunane no saman for å løyse handtering av utskrivingsklare, smitteførande Covid-19 pasientar i fellesskap. Illustrasjonsfoto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Av omsyn til smittevern og ressursbruk ynskjer kommunane, som høyrer til Helse Førde sin region, løysingar i fellesskap. Dette for å handtere utskrivingsklare, og framleis smitteførande Covid-19 pasientar frå sjukehus, for å ha eit tilbod til dei som ikkje skal leggast inn i sjukehus, men treng utvida pleie og for å legge føringar for samarbeid ved lokalt utbrot i institusjon. Tilbodet skal sikre heildøgns omsorg, pleie og medisinsk behandling til gjeldande pasientar.