Har fått pålegg frå Mattilsynet

Stad kommune har fått pålegg frå Mattilsynet om å utarbeide ein handlingsplan for framtidig arbeid med å sikre auka leveringstryggleik for dei kommunale vassverka.

Vassverkseigar må ha tilrettelagt for raskt å kunne etablere alternativ vassforsyning

Nyhende

Mattilsynet skriv mellom anna at det vert forventa at leveringstryggleiken for fast busetnad og samfunnskritiske abonnentar skal takast i vare 365 dagar i året. Samla alternativ kapasitet (reservevassforsyning og naudvassforsyning) skal kunne dekke tapt leveringskapasitet ved svikt i ordinær vassforsyning.