På omsorgsinstitusjonane

Framleis strenge besøksreglar

Det er framleis strenge rutinar for besøk på helse- og omsorgsinstitusjonar i Stad kommune.

HAR FORSTÅING: Einingsleiar på Hogatunet Heidi Munch Starheim opplever at folk har forståing for reglane og at dei er flinke til å innrette seg og følgje smittevernreglane som inneber spriting og det å halde avstand. Foto: Anna Wuttudal 

Nyhende

Du kan ikkje kome på besøk på helse- og omsorgsinstitusjonane dersom du er koronasjuk, har luftvegssymptom eller er i karantene. Alle besøk må avtalast på førehand via vakttelefon. På nettsida til Stad kommune kan ein lese om korleis regelverket er og finne telefonnummer for å avtale besøk på dei ulike avdelingane.