Sagastad

– Bli med og bli ein viking

Førre veke kunne ein få skyte med pil og boge utanfor Sagastad, og vere ein viking saman med vikingen Sondre Braathen Kloster.

KJEKK AKTIVITET: Håkon (7 år) har skote med pil og boge tidlegare. Han tykte at det var ein kjekk aktivitet utanfor Sagastad.  Foto: Lina Hjelmeland

Det er kjekt å skyte med pil og boge.

Nyhende

Det vart arrangert bogeskyting utanfor Sagastad torsdag, fredag og laurdag førre veke. Hit kom både vaksne og born for å skyte med pil og boge. Frå klokka 12 stod vikingen Sondre Braathen Kloster klar med piler og boger i ulike storleikar. Laurdag var det strålande fint vêr, og det var mange folk i Sagaparken.