Søppel i naturen

Irriterer flest nordmenn på tur

Ikkje overraskande er det forsøpling i naturen som irriterer flest på tur. Norsk Friluftsliv meiner det er på tide at folk tar ansvar.

BER FOLK TA ANSVAR: Lasse Heimdal meiner det er på tide at alle tek ansvar for seg sjølv og plukkar med seg sitt eige søppel.   Foto: Gard Eirik Arneberg / Norsk Friluftsliv

Nyhende

Ipsos har på vegne av Norsk Friluftsliv utført ei undersøking, der nordmenn blei spurt kva dei irriterer seg over når dei er i naturen. Halvparten svarte at det dei irriterer seg aller mest over når dei er ute på tur, er søppel.