Daniel Sørli, tidlegare skyttarkonge, til topps i Olsokstemnet

Det var Daniel Sørli, Høland Bjørkelangen, som vart skyttarkongen under Landsskyttarstemnet på Råvatn i Øverbygd i 2016, som vann årets Olsokskyting.

Det er desse tre trofea det handlar om under Hornindal og Markane skyttarlag sitt Olskostemne. Til venstre Sparebankpokalen som blir vunne av den skyttaren som har best plasspoeng over fem år, 2018 – 2022. Trefiguren blir vunne av den skyttaren som har best poengsum på Olsokskytinga, 15 skot. Fem på kne, fem liggande og fem ståande. Pokalen til høgre er Olsokpokalen som blir vunne av det skyttarlaget som har best plasspoeng over fem år. No er det perioden 2019 – 2023 som gjeld.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Sørli fekk poengsummen 395, som er to poeng bak Ole Arild Aa sin rekord på den spesielle Olsokskytinga. Beste lokale skyttar i klasse 3-5 vart Bertel Odne Mjellem, Hyen, på 5. plass. Ole Arild Aa, som har vunne Olsokstemnet til Hornindal og Markane fire gonger, vart nummer 14 med poengsummen 386. Same poengsum hadde Johanna Reksten, Nordbygda og Rand, på 15. plass. Johanna var med 15. plass beste skyttar frå Stad kommune i klasse 3-5.