Fleire ulukker dei siste dagane

Siste: Trafikkulukke ved Loen Skylift

Dei siste dagane har det vore ein del ulykker på vegane i Nordfjord. Den siste vart meld klokka 09:16 laurdag førmiddag.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Klokka 09:16 fekk politiet melding om påkøyrsel bakfrå ved Loen Skylift. Alle i dei to involvert bilane var vakne og med medvit., men det vart klaga på smerter. naudetatane, politi og ambulanse var raskt på staden..

Klokka 13:01 fredag fdekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt inn i ein veranda i Florø. Der var berre den eine bilen involvert. Føraren av bilen hadde ikkjhe fått skadar.

Klokka 21.14 torsdag kveld rykkte naudetatane ut til Blakset, etter å ha fått melding om at ein person låg fastklemt under ei gravemaskin. Vedkomande vart frakta med ambulansehelikopter.

Nesten samtidig med ulykka på Blakset vart det emldt om ein båt som køyrde i ring på Gloppefjorden utan personar ombord . Politiet fekk kontroll på ei kvinne som hadde vorer ombord i båten. Etter kvart fekk ein også kontroll på båten. Det viste seg at båtføraren ikkje hadde båtførarbevis, og at politiet oppretta sak.