Plass til fleire i kyrkjene

– Avstandsreglane i kyrkjene gjeld framleis, men regelen om at berre 50 personar kunne få plass er bytta ut med ein generell regel om at det skal vere ein meters avstand mellom folk men ikkje fleire enn 200 personar.

Annakvar rad: I Eid kyrkje vil vi ha plass til rundt 170 personar etter at vi no berre har avstandsregelen og halde oss til. Litt mindre tal personar blir det i dei andre sju kyrkjene i kommunen, seier kyrkjeverje i Stad, Kristen Hundeide. Biletet er frå ei minnestund etter terroranslaget 22. juli. Foto: Inger Træen 

Nyhende

Det seier Kristen Hundeide, kyrkjeverje i Stad kommune, og legg til at ingen av kyrkjene i Stad har plass til 200 personar så lenge det skal vere ein meter mellom folk.