Trafikkulukke ved Dalsbøvatnet

Mistanke om promille

Politiet melder at det er mistanke om køyring i ruspåverka tilstand.

Illustrasjonsfoto  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Det var klokka 18.56 laurdag ettermiddag politiet fekk melding om ei trafikkulukke på fylkesvegen ved Dalsbøvatnet på Stadlandet. To bilar var i følgje politiet involverte i ulukka. Politiet melde på twitter at det var to personar involvert i ulukka, og at personane framstod som oppegåande. Samstundes vart det melt om store materielle skadar på køyretøya. No melder politiet at førarkortet til ein av bilførarane er beslaglagt på grunn av mistanke om rus. Den aktuelle føraren er køyrd til sjukehus for blodprøve.