Lånt sportsutstyr blir stadig meir populært

Sport- og friluftslivsutstyr kostar pengar. Ulike idrettar krev ulikt utstyr, og born veks gjerne ut av det etter kort tid. Då kan det vere greitt å vite at det er mogleg å låne nesten alt du treng av utstyr gjennom utlånsordningar.

Utstyret du kan låne gjennom Bua er nytt og heilt i tråd med trendane, som sup-brett.  Foto: BUA

Nyhende

Ein av desse ordningane er Bua. Nettverket har i dag 131 utlånsordningar i 111 kommunar. Og fleire kommunar har planar om å opne.