Unikt kulturlandskap

Sætreslått på Hjelle

Sjølv slåtten som matauk til dyra tok slutt på 1960-talet, og setringa vart avslutta 20 år seinare, så held sætreslåtten framleis i hevd.

Sætreslått: Sjølv om det ikkje lenger er bruk for graset på Hjellesætra til vinterfôr til dyra på gardane nede i bygda, er det kvart år full slått på setra. Alle foto: Anna Wuttudal 

Nyhende

– Hjellegardane slo setra heilt fram til ein gong på 1960-talet. Arealet som vart slått, og som var ein viktig fôrressurs som vinterfôr til dyra på dei 19 gardane på Hjelle, var på 30 dekar. I dag er det andre driftsformer i landbruket, og slåtten på Hjellesætra blir ikkje lenger gjort for å skaffe vinterfôr, men for å halde det unike kulturlandskapet på setra i hevd, seier Knut Tore Nes Hjelle som er primus motor i det som har blitt ein sosial setting for dei 19 grunneigarane.