Nye studentar kan søkje om lån og stipend frå Lånekassen

Fredag kan nye studentar med tilbod om studieplass frå hausten av søkje om lån og stipend frå Lånekassen.

No kan også dei som skal studere til hausten, søkje om lån og stipend frå Lånekassen til det komande studieåret.  Foto: Terje Pedersen

Nyhende

Den siste veka har 108.000 studentar fått tilbod om studieplass. Det er 8.000 fleire enn i fjor. Auken kan få konsekvensar for søkjarane, opplyser Lånekassen i ei pressemelding.


108.000 søkjarar har fått studieplass – det er rekordmange

8.000 fleire enn i fjor har fått studieplass i år, og totalt har 108.000 fått tilbod. Det er rekordmange, ifølgje Kunnskapsdepartementet.


– Vi ventar at det kan vere endringar i talet på søkjarar og kva ordningar dei kan ha krav på, seier kommunikasjonsdirektør i Lånekassen, Anette Bjerke.

Heiltidsstudentar kan normalt få 123.519 kroner for det komande studieåret. Studentar med barn og studentar over 30 år kan få endå meir stønad.

Søkjarar kan vente å få svar frå 4. august og utover.