Katastrofeår for plommer – normalår for eple

Fruktbonde Dagnar Myrold reknar ikkje med å få meir enn ein prosent av normal avling på plommetrea sine i år.

SNØEN ØYDELA BLØMINGA: Dagnar Myrold konstaterer at her blir det ingen plommer. Totalt berre ein prosent av normalen. Alle foto: Per Ole Lefdalsnes 

Det snødde ned i dei blømande plommetrea, og dermed var løpet køyrt for plommene for i år

Nyhende

Saman med sonen Arve og familien hans driv Dagnar ein av dei største fruktgardane på Stårheim. På garden der dei har drive med frukt i stor stil i over hundre år, har dei no rundt 2300 frukttre.