Laksefiske i Eidselva:

Går mot rekordsesong

Etter at halve laksesesongen i Eidselva er omme er det tatt tett på 1,8 tonn laks i elva. Helde det gode fisket fram vil det bli den beste sesongen på dei siste 28 åra.

Går mot toppsesong: Så langt har det vore svært godt laksefiske i Eidselva. Før halve sesongen er omme, er det tatt på land 1.779 kilo laks. Snittvekta, 5,33 kilo, er den beste på 28 år. Arkivfoto 

Nyhende

Det er ikkje berre mengda, både kilo og talet på fisk, men også snittveka som er bra denne sesongen. Ved utgangen av veke 28 var det fiska 334 laksar, alle vektklassar. Snittvekta 5,33 kilo, er den høgaste snittvekta som er registrert dei siste 27 år. Frå tidlegare er det berre sesongane 2007, 2012, 2013, 2017 og 2018 som har snittvekt over fem kilo. Det betyr at det er meir stor laks, noko som har vore trenden dei siste ti åra, no enn det det var før tusenårsskiftet. Sjølv om ein berre har lagt bak seg halve sesongen, er det ni av dei siste 28 sesongane som har meir kilo laks, enn det som er tilfelle så langt i inneverande sesong.

Fangst: Tabellen viser kor mykje laks i dei ulike vektklassane som så langt (veke 28) er fanga i Eidselva i 2020-sesongen. Kjelde: Fangstrapport Eidselva.   Foto: Tormod Flatebø

Mykje fisk i elva

Ein viktig grunn til at årets sesong er så bra som den er, har nok samanheng med at det har vore god, tidvis optimal, vassføring i elva. Dei to siste vekene har Fjordabladet vore i kontakt med både grunneigarar og sportsfiskarar som fortel at det er tatt bra fangstar, og at elva er veldig fin med tanke på fiske. Dette er veker 29 og 30) som enno ikkje har kome med i årets fangststatistikk.

Siste 27 år: Tabellen viser kor mykje laks, alle vektklassar, som er fiska i Eidselva i perioden 1993 til og med 2019. Toppåret var, som statistikken viser 2012-sesongen tett følgt av 2016-sesongen. Årets sesong lovar så langt godt. Kjelde: SSB 

Flest frå 3–7 kilo

Det er i mellomvektklassen, frå tre til sju kilo, det er fiska flest laksar. Totalt er det landa 201 laksar med ei samla vekt på 965 kilo i denne vektklassen. Dette gjev ei snittvekt på 4,8 kilo. Når det gjeld storlaks, over sju kilo, så er det landa 77 laksar med ei samla vekt på 715 kilo, noko som gjev ei snittvekt på 9,3 kilo. Det er tatt 56 laksar under tre kilo med ei samla vekt på 98,7 kilo.

Aure

Når det gjeld sjøaure, så held trenden frå tidlegare år fram. Det blir stadig mindre sjøaure i elva, iallfall som blir fanga. For heile sesongen i 2019, som var den beste sidan 2012, vart det tatt på land 128 aurar. I 17 0g 2018-sesongane var tilsvarande tal 58 og 39. Så langt i år er det tatt 59 aurar med ei samle vekt på 83,7 kilo, som betyr ei snittvekt på 1,42 kilo.