Leiar

Forbetringspotensial

Vi og alle andre som er opptatt av at denne vesle kommunen som skal vere verdas beste vesle Stad, forventar at ein ordnar opp og set kajakkane på vatnet snarast, korona eller ikkje korona.

Naturoppleving på fjorden: No kan du oppleve Eidsfjorden på ein ny måte. BUA Eid tilbyr no gratis utlån av kajakkar. Men det ser ikkje ut til å stemme.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Vi forventar at verdas beste vesle Stad, ordnar opp og set kajakkane på vatnet snarast

Nyhende

Det fall mange fine ord då BUA opna på Nordfjordeid for nokre år sidan. Velfortente ord var det i aller høgste grad. Tiltaket vart støtta av mange, både i form av utstyr og andre gåver. Då Eid, Bryggja og Selje vart til Stad kommune, kom BUA også rimeleg raskt på plass i Selje. Kva er det så med BUA som var så viktig. Store familiar kan heilt sikkert fortelje oss mykje om akkurat det, men vi kan gjere eit forsøk.

Sport- og friluftslivsutstyr kostar pengar. Ulike idrettar krev ulikt utstyr, og born veks gjerne ut av det etter kort tid. Då kan det vere greitt å vite at det er mogleg å låne nesten alt du treng av utstyr gjennom utlånsordningar. Ein av desse ordningane er Bua. Nettverket, fordi det er eit nettverk, har i dag 131 utlånsordningar i 111 kommunar. Og fleire kommunar har planar om å opne. Og om du trur at lånt utstyr er noko dårlegare enn det du får kjøpt sjølv kan du forsikre deg om at her får du heilt moderne utstyr.

I Stad kommune er det, som allereie sagt, BUA-avdelingar i Selje og på Nordfjordeid. Som du kan lese annan stad i avisa, så har BUA Selje ope alle kvardagar, måndag til fredag, frå tidleg morgon til langt ut på ettermiddagen. BUA på Nordfjordeid har ope tre timar to gonger i veka, måndagar og torsdagar. I desse dagar blir vi oppmoda om å feriere i vårt eige land. Reise ut i nærområdet og oppleve og alle dei naturperlene, frå fjell til kyst, som vi er omgjevne av til dagleg og som andre reiser langt for å oppleve nokre korte sommarveker. Då blir det for dumt at ein ikkje greier å organisere BUA på Nordfjordeid på ein langt betre måte enn å ha ope seks timar i veka. BUA på Nordfjordeid har depot på to plassar som ligg litt frå kvarandre. Ønskjer du, til dømes, å låne ein sykkel så går det greitt, om du kjem i opningstida dei to dagane som er nemnt, men dersom du ønsker å låne ein kajakk, som har blitt svært populært, er svaret negativt. BUA Eid låner ikkje ut kajakkar, ikkje fordi dei ikkje har, men på grunn av korona. Skal du på kajakktur i lånt kajakk må du ta turen til Selje. Eid har, på dette området, tydelegvis mykje å lære av Selje. Vi og alle andre som er opptatt av at denne vesle kommunen som skal vere verdas beste vesle Stad, forventar at ein ordnar opp og set kajakkane på vatnet snarast, korona eller ikkje korona.