Oppdatert sak

Fleire regionar i Sverige blir «grøne», Spania blir «raudt»

Regjeringa opnar for reiser til fire nye svenske regionar, i tillegg til dei tre frå før. Men for Spania-ferierande blir det innført karanteneplikt frå midnatt.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) og assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad presenterte fredag nye reiseråd frå regjeringa. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK. Til stades var også (t.v.). overlege Are Stuwitz Berg i Folkehelseinstituttet.   Foto: Heiko Junge

Nyhende

Dei svenske regionane Kalmar, Örebro, Värmland og Östergötland blir «grøne» soner i det nye reiserådet frå regjeringa, som vart presentert på ein pressekonferanse fredag. Det tyder at ein kan reise dit utan å måtte i ti dagars karantene ved heimkomst.

Frå før har regjeringa opna for reiser til Skåne, Blekinge og Kronoberg. Desse får halde på den grøne fargen sin, trass i at smittetalet har gått noko opp i to av dei.

FHI: – Heilskapsvurdering

Det er dermed fleire svenske regionar enn venta som opnar. I eit par av dei, Örebro og Östergötland, ligg smittetalet noko over grensa på 20 smitta per 100.000 innbyggjarar dei to siste vekene.

Avgjerda er basert på ei heilskapsvurdering, opplyser overlege Are Stuwitz Berg i Folkehelseinstituttet (FHI).

– Grunnen til at vi har rådt om dette, er at vi har sett ein sterkt nedgåande trend den siste tida. Desse regionane vil kome under 20 tilfelle i veke 30 dersom utviklinga held fram, seier Berg.

I Kronoberg har talet på smittetilfelle derimot auka noko i det siste og har passert grensa på 20 tilfelle.

– Situasjonen der blir like fullt vurdert som stabil, og vi har derfor framleis valt å halde denne på grønt i tilrådingane våre. Det er fint å sjå at situasjonen i store delar av Sverige blir stadig betre, seier Berg.

Kart frå FHI som vart publisert på pressekonferansen om koronasituasjonen og viser nye reiseråd.   Foto: FHI

Spania i «raudt»

I Spania og Andorra går utvikling derimot i motsett retning. Smittesituasjonen der gjer at nordmenn no må i karantene når dei kjem heim derifrå, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).

– Dersom du kjem til Noreg frå Spania etter midnatt, må du i karantene, seier ho.

Overlege Are Stuwitz Berg i Folkehelseinstituttet (FHI) påpeikar at dei siste oppdateringane frå Spania, særleg i dei nordvestlege regionane, viser at smittetala går oppover.

– Det er sett i verk strenge tiltak, og det gir håp om at situasjonen snarleg vil kome under kontroll. Men dessverre er utviklinga slik at vi må innføre karantene etter reise frå Spania, seier han.

Dei nye reiseråda gjeld frå midnatt.

Rett til sjukepengar

Grensa er sett ved midnatt natt til laurdag, uansett om ein har starta heimreisa godt før den tid, og flyet eller toget er forseinka.

– Ein stad må grensa gå, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.

– Å reise utanlands inneber ein god del uvisse. Alle bør tenkje seg godt om, det er ikkje risikofritt å reise, påpeikar Bollestad.

Samtidig gjer ho det klart at nordmenn som reiste til Spania då landet hadde grøn status, har rett til sjukepengar i karantenetida, dersom det skulle bli nødvendig.

– Grunnen er at dei som reiste før statusoppdateringa for Spania, ikkje har brote regelverket, understrekar Bollestad.

Regionvis vurdering

Førebels er det berre Sverige som blir vurdert region for region, medan andre land blir vurderte under eitt. Men framover vil FHI vurdere om reiseråd kan givast på regionnivå i større delar av Europa, opplyser Berg.

FHI får mange spørsmål om kvifor dei ikkje vurderer kvar region for seg for resten av EØS- og Schengen-området, seier han.

– Grunnen er mellom anna eit varierande datagrunnlag i ulike regionar i Europa og at ei vurdering på regionnivå kan gi gjere det mindre føreseieleg, seier han.