108.000 søkjarar har fått studieplass – det er rekordmange

8.000 fleire enn i fjor har fått studieplass i år, og totalt har 108.000 fått tilbod. Det er rekordmange, ifølgje Kunnskapsdepartementet.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim trur koronakrisa kan forklare ein del av auken i søkjartalet til høgare utdanning, men er glad for at mange ser verdien av høgare utdanning og vil fylle på med kompetanse.   Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Nyhende

– Annleisåret 2020 held fram med å setje rekordar, men i denne samanhengen er det med positivt forteikn. No kan over 100.000 glede seg over å skulle ta steget inn i studielivet, kanskje for aller første gong. Det er godt nytt, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).