Prestemarka

Vurderer tiltak i Prestemarka

Prestemarka har i dag ikkje eit overvassystem som er rusta for ei framtid med stadig større nedbørsmengder.

MYKJE NEDBØR: ‒ Det kan bli aktuelt å gjennomføre tiltak for å sikre Prestemarka mot skadar som følgje av store nedbørsmengder. Det fortel einingsleiar kommunalteknikk i Stad kommune, Hans Peter Eidseflot. 

Nyhende

Prestemarka på Nordfjordeid ligg i ei bratt skråning, og her er i dag inga framtidsretta løysing når det gjeld handteringa av overvatn. Dagens anlegg i øvre del består av gamle grøfter og kummar som treng mykje tilsyn, og vatnet går vidare nedover i feltet, der det er ein miks av private og offentlege anlegg med usikker kapasitet.