BUA Eid

– Vi har ikkje kapasitet

BUA Eid og BUA Selje har begge gratis utlån av fritidsutstyr i sommar, men dei har svært ulike opningstider og heller ikkje det same utstyrstilbodet.

STENGT: BUA Eid har vore stengt store delar av juli, men volontørane har sørgja for gratis utlån av utstyr på måndagar og torsdagar.   Foto: Lina Hjelmeland

Vi er veldig glade for at vi i det heile kan halde ope i juli.

Nyhende

I juli har BUA Selje ope kvardagar frå 08:00-15:30, medan BUA Eid berre har ope måndag ar og torsdagar frå 14:00-17:00. Ifølgje Astrid Grete Torheim, ansvarleg for BUA Eid, har det ikkje vore mogleg for BUA Eid å halde ope meir enn to dagar i veka.