Lesarinnlegg

Voltaire – vi treng deg no!

Det er slike feil vi hadde trengt «den fjerde statsmakt» til å kaste lys over. Det er trist å sjå at riksmedia snarare er storpolitikken og kapitalen sine lakeiar.

Det handlar ikkje om ein kamp mot fornybar energi. Det handlar ikkje om at nye konsesjonsvurderingar skal vise meir omsyn til natur og lokal medverknad. Og det er trist at riksdekkande media enno ikkje har forstått det! Det handlar om at noko av vår mest unike natur, skal raserast. Stad, eit av Noreg sine mest spektakulære landemerke skal omgjerast til industri, skriv Wenche Hovlid Sortvik i dette lesarinnlegget.   Foto: Privat

Nyhende

«Eg er djupt usamd i det du seier, men vil kjempe til min død for din rett til å seie det!» Det seiast at Voltaire faktisk aldri sjølv skreiv denne setninga som han for all tid vil vere mest kjend for. Men, orda spring likevel utifrå alt Voltaire stod for. Voltaire var opplysingstida sin mest kjende filosof. Og hans kamp for einskildindividets rettar, slik som ytringsfridomen, førte til at han vart sett på som ein trussel av franske myndigheiter.

Voltaire vil alltid vere eit symbol på ytringsfridomen sin rett. Og den vage balansen ytringsfridomen alltid vil ha mot makta i eit samfunn. Sårbarheita overfor makta sin diskurs for kva som er riktig! Ytringsfridomen kan kome i konflikt med makta sin definisjon av kva som skal vere samtida si sanning.

Myndigheitene har gjennom år gått inn for ein politikk som vi no ser resultata av. Vindkraft vart framstilt som symbolet på god klimapolitikk; grønt, fint og reint. Slik var dei bileta vi fekk presentert, og dei konstruerte vår oppfatning av kva som var viktig. No har vi innsett konsekvensane vindkraftutbygginga har for landskap, dyr og plantar sitt naturlege habitat. Konsekvensane for menneske sin livskvalitet. Rasert natur. Øydelegging av naturmangfaldet i noko av Noreg sine mest sårbare og spektakulære landskap. Slik som det vil medføre på Stadhalvøya.

«Makta» nyttar media som talsmenn for sine synspunkt. Vi ser det i landets største aviser. Vi ser det i NRK! Artiklar og innslag der motstanden vår skal latterleggjerast. Reduserast til å handle om mangel på klimamedvit. Mangel på kunnskap. Dårleg retorikk og ukvemsord. Nyleg kunne vi lese at «Aftenposten mener…..at Norge bør fortsette å bygge ut vindkraft». Ei av Noreg sine største aviser spring ærend for regjering og utbyggjarar. Og på ein måte som tydeleggjer mangel på innsikt i kva som er saka sin eigentlege natur. Vi må undre oss over om dette er ein del av riksdekkande media sitt mandat? Ein må revurdere sitt bilete av media som «den fjerde statsmakt»; som skal vere ein vakthund som passar på at demokratiet sine spelereglar vert følgt…

Voltaire – vi treng deg no! Treng deg til å tale Roma midt imot! Å få fram kva denne saka eigentleg handlar om! At det gjeld meir enn lokale kampar for nokre fjell. At det handlar om naturarv og kulturhistorie. At det er ein kamp mot avgjerder som er gjort på feil og mangelfullt grunnlag i statlege forvaltingsorgan. At det handlar om korleis lovverk og internasjonale konvensjonar knytt til vern av landskap, natur og miljø vert praktisert i Noreg.

Nei. Det handlar ikkje om ein kamp mot fornybar energi. Det handlar ikkje om at nye konsesjonsvurderingar skal vise meir omsyn til natur og lokal medverknad. Og det er trist at riksdekkande media enno ikkje har forstått det! Det handlar om at noko av vår mest unike natur, skal raserast. Stad, eit av Noreg sine mest spektakulære landemerke skal omgjerast til industri. Vestkapp, det vestlegaste fastlandspunktet i Noreg, skal ha direkte innsyn til eit industriområde. 4 km med veg skal sprengast fram i ein natur av internasjonal tyding. Vår naturarv vert selt til utanlandske kapitalkrefter. Denne særprega naturen har blitt løfta opp til å vere i høgste konfliktvurdering med nasjonale mål knytt til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø. No tyder det tydelegvis ingenting. For – staten kan ikkje gå attende på ei avgjerd som er gjort. Sjølv om den er feil og vil stå fram som ein skamplett i norsk klimapolitikk og naturforvalting for all framtid.

Det er slike feil vi hadde trengt «den fjerde statsmakt» til å kaste lys over. Det er trist å sjå at riksmedia snarare er storpolitikken og kapitalen sine lakeiar.

Men, framleis har vi Voltaire. Og retten ytringsfridomen gjev oss til å tale høgt ut at å gjere naturen på Stadhalvøya om til eit industriområde – alltid vil vere feil….For oss. Og for komande generasjonar. Trass i om det byggjer på eit vedtak gjort av den norske stat……