Samla inn 7500 kroner på under to timar

Fire barn i Ålfoten heiv seg rundt og laga til basar med heimelaga premiar og kaker. På under to timar samla dei inn over 7000 kroner.

BASAR: Med litt hjelp av tante Gro Myklebust stelte desse fire i stand basaren i Ålfoten. Det var ein vellukka basar og gjengen samla inn 7500 kroner.   Foto: privat

Nyhende

Nyleg arrangerte fire barn i Ålfoten basar til inntekt for Redd Barna. Med litt hjelp frå tanta Gro Myklebust hadde dei laga basargåver med handmålte dørskilt, strikkeputer, gåvekort på fiskemiddag og gåvekort på kake og blåbær. Dei hadde også laga kaker og plakatar. Sjølve basaren vart arrangert på tunet og i garasjen, og folk frå heile bygda møtte opp for å delta. På under to timar samla gjengen inn 7500 kroner som dei skal gje til Redd Barna.

PREMIAR: Mange av premiane var heimelaga, slik som handmålte dørskilt, strikkeputer og gåvekort på middag og dessert.  Foto: privat

PÅ TUNET: Sjølve basaren vart arrangert på tunet og i garasjen. Trass i det store oppmøtet denne dagen, såg det ut til at det var plass til alle dei frammøtte.  Foto: privat

KONSENTRERT: Barna selde lodd med heimelaga gevinstar.  Foto: privat

FORNØGDE: Det var god stemning og glade fjes.  Foto: privat

MASSE FOLK: Det var bra oppmøte då dei fire barna arrangerte basar nyleg. Både store og små i Ålfoten møtte opp til basaren som varte i underkant av to timar.  Foto: privat