Opplev sagaøya Selja

På øya Selja ligg Selja kloster, som truleg er det eldste klosteret i Norge.

Selja kloster: Ruinane etter kloster og helgenanlegget imponerer.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Ei heilag øy ved verdas enda og ein magisk ruin. Selja kloster er ein unik historisk stad.

Folk har reist til Selja kloster i over 1.000 år, for å oppleve Norges første pilegrimsstad.

Selja var eit sentralt religiøst senter i mellomalderen. Allereie i år 996 blei Selja den første helgenstaden i Norge – knytt til Sankt Sunniva – den første og einaste kvinnelege helgenen i Norge.

Ruinane etter kloster- og helgenanlegget, som framleis står der i dag, imponerer. Det er eit av dei beste bevarte anlegga i landet.

Klosteret blei grunnlagt på 1000-talet. I dag har det lokal, regional og nasjonal verdi. Her kan du vandre i ruinane, med utsikt rett ut mot storhavet.