Det var ikkje alle som hadde møttest før arrangementet på naturmøteplassen ved Navestøylen. – Gjennom geocaching kan ein bli kjend med mange nye, og det kan vere veldig sosialt og kjekt, fortel Sæterlid. (f.v. Guri Sæterlid, Kristina Humborstad, John Humborstad, Jan Sæthre, Tore Beitveit). Foto: Lina Hjelmeland

Geocaching – ei spennande «skattejakt»

Torsdag 9. juli arrangerte Guri Sæterlid eit geocaching-arrangement på naturmøteplassen ved Navestøylen i Kjølsdalen. Dit kunne alle med interesse for utandørsaktiviteten geocaching komme.