Dette skjedde i helga

Full og naken mann hamna på feil adresse

Denne helga har det vore slosskamp i Stryn, full og naken mann som hamna på feil adresse og kontroll på smittevernreglane.

Det har vore ei roleg helg for politiet, men eit par meldingar om slosskamp, naken og full mann og kontroll på smittevernreglane på utestadane.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Ifølgje innsatsleiar Stian Lauritzen har denne helga vore roleg, men det har vore noko å melde om, spesielt i Stryn.

– Det var ei melding om ein slåstkamp i Stryn i natt. Det var rundt ti til tolv personar som røyk saman. Politiet har kontroll på dei involverte, og ingen vart alvorleg skadd. Det vert tatt ei vurdering om eventuell straffesak og eventuelt kven det gjeld i morgon, fortel Lauritzen.

Lauritzen kan også fortelje at det var melde om ein full og naken mann på ei privat adresse.

– Han hadde hamna på feil stad. Det såg uskyldig ut i loggen og vart han vart ført heim.

Kontroll på smittevernreglar

Politiet har vore inne på utestadane både på Nordfjordeid, Måløy og Stryn denne helga. Lauritzen fortel at utestadane var godt bemanna og hadde god kontroll på smittevernreglane denne helga.

– Dette kan dei få litt skryt for. Det er sjølvsagt utfordrande med alkohol og smittevernreglar, men det er eit betre inntrykk denne helga. Utestadane prøvar og det skal dei få skryt for i ei utfordrande tid.