Fjelltur med trimapparat i Selje

Bli sprek med havutsikt

Ein tur til Risnakken i Selje kan gje deg både oppvarming og styrketrening. Medan du nyt havutsikta mot øya Selja.

Frisk styrketrening: Rundt 135 meter ovanfor Selje sentrum finn ein allsidige apparat for styrketrening. Turen opp tek under ein halv time, der styrketrening og havutsikt kan kombinerast.  Foto: inger træen

Nyhende

Og kva meir kan ein ønskje seg på ein gong? Ved dagsturhytta Sjøglytt på Risnakken i Selje får ein tre gonger utbytte av innsatsen. Kondisjon og styrke blir tatt vare på, medan du kan drøyme deg bort i historia til til segnrike øya Selja, der St. Sunniva ein gong steig i land. Og det beste av alt, du treng slett ikkje vere i storform for å oppnå alle desse goda.

Lågterskel: Du treng ikkje å vere i svært god form for å nytte deg av turen til dagsturhytta i Selje. Derimot kan besøket gje deg auka kondisjon og styrke.  Foto: inger træen

Styrke i bein og armar: Treningsapparata gjev allsidig styrketrening.  Foto: inger træen

Fin grusveg

Kjem du til Selje med bil frå sør er det berre å leite opp vegen som går over Sandvikseidet. Her kan ein parkere på ein parkeringsplass rett nedanfor Doktorgarden. Så er det å få beina fatt nokre hundre meter langs vegen som går mot Sandvik og Leikanger på Stadlandet. Då vil det etter kvart dukke opp ein fin grusveg på venstre sida. Ein ganske så nylaga grusveg som er lett å gå eit par kilometer opp gjennom ein ganske så tett granskog. Her er det sett ut benkar mest for kvar hundre meter, for kvilepausar undervegs. Etter kvart flatar vegen ut og ein nærmar seg målet, dagsturhytta med utsikt mot sjøen, kystlandskap og øyar i vest.

Fin veg: Den nye grusvegen opp til Risnakken er fin å gå på.  Foto: inger træen

Her kan ein anten berre nyte utsikta, ete nista si eller ta ein runde på dei allsidige trimapparata som er sett opp. Og skulle det kome nokre regn – dropar er det berre å setje seg inn i hytta, eller kanskje ta middagskvilda oppe på hemsen der. For den yngre garde (og for andre) finst det også mange bøker ein kan lese inne i dagsturhytta.

På taket: Dagsturhytta kan også utforskast utandørs.  Foto: inger træen

Trivsel i Selje

Korleis har denne bortgøymde perla blitt til? Svaret er dugnad og støtte frå ulike private og offentlege gjevarar. Til saman har dette prosjektet fått over ein million kroner til realisering (ikkje sjølve hytta inkludert). Fordi nokre folk i Selje ville skape aktivitet og trivsel i bygda. Ein dugnadsgjeng på rundt ti som har gått på med krum hals og godt humør. Ein av primus motor er Jan Vidar Smenes, som har skrive ein del søknader om pengar for å få dette på plass.

Utandørs: Utandørs treningssenter bør prøvast ein vakker sommardag.  Foto: inger træen

–Vi har vore heldige som har fått innvilga pengar frå fleire hald. Men like viktig er all dugnadsinnsatsen som er blitt lagt ned. Vi er ein gjeng som har jobba med godt humør og iver. Så det har vore både kjekt og nyttig. Og enno er vi ikkje heilt ferdige. Mellom anna skal ein litt større platting på plass ved hytta, seier han.

Utsikt: Går du litt fram på kanten får du denne utsikta.  Foto: inger træen