Regnfull sommarshopping

– Teltet heldt ikkje så vi måtte flytte oss inn

Det var ein regnfull dag under sommarshoppinga laurdag, og trass i at teltet til Ståle Hansen, Jan Ole Bolsø og Gunnar Strøm ikkje tolte regnvêret var humøret på topp.

TILREISANDE: Ståle Hansen, Jan Ole Bolsø og Gunnar Strøm frå Volda Vinyl hadde tatt turen til Nordfjordeid og sommarshoppinga. Dei hadde planar om å delta på loppisen i sol, men slik vart det ikkje.   Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

Laurdag var det klart for den andre sommarshoppinga på Nordfjordeid, og denne gongen var det varsla at det var bagasjeromloppis. I motsetnad til den første sommarshoppinga denne sommaren der folk kosa seg med is og sommarlege kle, var denne laurdagen av den regnfulle sorten. Likevel var det nokre som torde å gå ut.

I GATA: Stårheim skulekorps var blant dei som var på plass under somamrshoppinga laurdag.   Foto: OLIN MARIA YRI

LOPPIS: Laurdag var det bagasjeromloppis som var tema.   Foto: OLIN MARIA YRI

Nokre av dei som hadde tatt turen til Nordfjordeid og sommarshoppinga laurdag var dei tre karane Ståle Hansen, Jan Ole Bolsø og Gunnar Strøm frå Volda Vinyl.

– Vi stiller med partytelt, men det lakk i dag. Det tolte ikkje Nordfjordvêret. Vi skulle stå ute og vere med på loppisen, men teltet heldt ikkje, så vi måtte flytte oss inn, fortel dei tre, som hadde tatt turen inn på Lagerutsalget i staden.

– Kva er det de gjer på Nordfjordeid i dag?

– Vi er her for å selje vinyl og delta på det som skulle vere ein fin sommardag på Eid.

– Eigentleg driv vi ikkje så mykje med sal av vinyl. Vi kjøper meir enn det vi sel. Det blir nok negativt resultat i dag også, fortel dei.

Musikkinteressert gjeng

Volda Vinyl består eigentleg av sju medlemmar, men det var tre av dei som hadde tatt turen til sommarshoppinga laurdag.

– Vi er som ein mannleg syklubb og møtast ein gong i månaden, fortel dei og legg til at interessa for vinyl har endra seg gjennom åra.

– Vi starta Volda Vinyl i februar 2003, og det var musikkinteressa som bringa oss saman. På den tida var det i grunn lite interesse for vinyl, og vi vart sett på som raringar. Vi var til og med på Norge Rundt. No er vinyl blitt veldig populært, også blant unge. Det er overraskande mange jenter som er interessert i vinyl, og før var det for det meste berre gutar.

Sosialt

Ståle, Jan Ole og Gunnar fortel at det er svært sosialt å vere med i Volda Vinyl. Trass i at det er ein musikkinteressert gjeng, der alle har ulike favorittsjangrar, er praten og omsorg vel så viktig som å sette på musikk.

– Det er ikkje mengda av vinylplater, men gleda som betyr noko. Det er veldig sosialt, og vi pratar om glede og sorg. Vi tar vare på kvarandre og støttar kvarandre. Det er i grunn ikkje så viktig kva ein samlar på, men praten er viktig. Vi oppmodar om at folk finn felles interesse og byggjer eit fellesskap der ein kan samlast.

– Vi reiser også på tur saman. Vi har vore i London og Chicago. No planlegg vi ein tur til Japan, truleg i 2022. Vi reiser også på ein del musikkfestivalar, og hadde ei fantastisk oppleving under Norsk Countrytreff på Breim i Fjor. Vi har også vore på Malakoff, der høgdepunktet var då Iggy Pop spelte. Malakoff krasjar litt med Moldejazz, fortel Ståle, Jan Ole og Gunnar.

FØREBUDD: Det var fleire som var forebudd på regn laurdag og stilte med paraplyar og telt.   Foto: OLIN MARIA YRI