Coco sel unna heimelaga kanelsnurrar

– Det er høgsesong no

Heimelaga kanelsnurrar er populære hos Coco Frisør og Kaffebar i Eidsgata. I tillegg til å drive frisør og kaffibar, meistrar også eigar Berit Adelsten Engebretsen bakekunsten. Ho bakar nesten kvar dag.

NYBAKTE: Berit Adelsten Engebretsen held oppe to ulike sortar kanelsnurrar som er heilt nybakte. – Vi sel mest av bollane med vaniljekrem, fortel ho.   Foto: Lina Hjelmeland

Nyhende

Tidleg onsdag morgon var Berit på plass for å starte på dagens kanelsnurrar. Ho står opp tidleg for å bake før kundane kjem. Medeigar Inge Adelsten Engebretsen gjorde klart til opning, medan Berit gjorde siste finpuss på bollane før dei vart sette i omnen.