Sjåfør meld for å ha køyrt utan førarkort for tilhengar

Under kontrollen på Kjøs torsdag vart ein sjåfør meld, og fleire fekk bruksforbod.

PÅ KJØS: Statens vegvesen hadde kontroll av tungbilar og lettbilar torsdag.   Foto: Arkiv

Nyhende

Statens vegvesen hadde torsdag kontroll på Kjøs. Det var både tungbilar og lettbilar som vart kontrollert. Totalt var det 122 tungbilar innom kontrollplassen, og 46 vart kontrollert. Tre lettbilar vart kontrollert.

Ifølgje Statens vegvesen måtte ein sjåfør sette av tilhengar ettersom sjåføren ikkje hadde førarkort for å trekke tilhengar. Sjåfør vert meld for dette.

I tillegg mangla to sjåførar påkravd underkøyringshinder bak på lastebilane. Begge sjåførane hadde også påmontert brøyteplate. Brøyteplata skal dekkast til eller skjermast etter gjeldande krav, eller fjernast utanfor brøytesesong.

Ein sjåfør hadde overlast med 300 kilo på framakslinga på bilen, og måtte laste om til lovleg vekt før han fekk køyre vidare.

Ein sjåfør måtte i tillegg kople ifrå semitraileren slik at svingskiva på bilen kunne smørjast. Koplinga var knusktørr ifølgje Statens vegvesen, og kan påverke styringa av vogntoget.

Ein sjåfør fekk også eit gebyr på 500 kroner. Sjåføren hadde ikkje med vognkortet under køyringa.

I tillegg måtte ein sjåfør sikre lasta betre før vidare køyring.