Mjukar opp smitteverntiltak i kollektivtransporten

Skyss/Kringom mjukar opp tiltaka i buss, båt, bane og ferje.

Det vert no oppmjuking i kollektivtransporten når Skyss/Kringom endrar på tiltaka sine.  

Nyhende

2. juli vart det publisert ein oppdatert nasjonal rettleiar for smittevern i kollektivtransporten av Helsedirektoratet. Det vart mellom anna innført gradert smitteverntiltak der styresmaktene set tiltaksnivå. 30. juni var dette sett til gult, og på bakgrunn av dette mjukar Skyss/Kringom opp tiltaka i kollektivtransportane. Dette kjem fram i ei pressemelding.

Tiltaka som no vert på buss, bane, båt og ferje er mellom anna at sperremerkingane vert fjerna, der unntaket er seta som er vende mot kvarandre. I tillegg vil seta bak sjåfør ha sperremerking. Årsaka er at ein ønskjer å unngå kontakt ansikt til ansikt og at ein skal stå spreidd i opne område.

Ifølgje pressemeldinga kan ein sitte skulder til skulder, men avgrense smitten gjennom å unngå ansikt til ansikt.

Bussane vil frå no stoppe på alle haldeplassane, men det er opp til reisande sjølv å ikkje gå om bord om ein ikkje kan halde avstand til andre på ein måte at ein unngår kontakt ansikt til ansikt.

Kringom opnar døra framme i bussane 13. juli og det vert også opp for betaling i desse bussane. Når det gjeld båtane i Vestland kan ein også betale med mannskapet.

– Vi er glade for denne endringa, som vil lette på presset i kollektivtrafikken. Det har vore krevjande når andre delar av samfunnet har opna opp, medan kollektivsektoren har hatt svært strenge smittevernkrav. Samstundes forstår vi at kollektivtrafikken er utsett med tanke på smittespreiing, så vi skal vere klare til å stramme inn på kort varsel dersom helsemyndigheitene set tiltaksnivået tilbake til raudt, seier direktør i Skyss/Kringom, Målfrid Vik Sønstabø, i pressemeldinga.

Fleire oppmjukingar

Ifølgje VG vert det også opna opp for at hotella kan tilby buffé frå og med 15. juli. Dette er det Iselin Nybø (V), næringsminister, som stadfestar.