Opna for første gong som ein del av Musea på Sunnmøre

– Anders Svor museum, ei uoppdaga kunstperle

–Vi må få fleire kunstinteresserte til å oppdage Svor museum. Det sa kunstdirektør Gro Kraft då skulpturmuseet i Hornindal opna for sommaren.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (t.v.) og Gro Kraft vil at kunsten til Anders Svor (1864-1929) skal vere aktuell også i dag. Som ein del av Musea på Sunnmøre vil dei satse på fokus på kunsten til billedhoggaren frå Hornindal, samt invitere andre kunstnarar til å stille ut.   Foto: Inger Træen

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er ny direktør for Musea på Sunnmøre. Ho vil arbeide for at Svor museum i Hornindal skal vere levande med skiftande utstillingar. 

Hornindal gjekk saman med Volda kommune 1. januar, og Svor museum blitt ein del av Musea på Sunnmøre. Opninga var ikkje annonsert på grunn av korona. men nokre fann likevel vegen dit laurdag 27. juni.  

Nyhende

Eit par veker seinare enn vanleg opna Svor museum for sommarsesongen laurdag 27. juni. Til stades var Gro Kraft, direktør for dei tre kuntsmusea innan Musea på Sunnmøre, og Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, ny direktør for Musea på Sunnmøre.

–Anders Svor museum her i Hornindal er ei uoppdaga perle, og har eit stort potensiale for utvikling og meir besøk, sa Kraft under opninga. Ho understreka at Svor museum no er eitt av tre kunstmuseum innan Musea på Sunnmøre. Dei andre to som ho er leiar for er Kube og Jugenstilsenteret i Ålesund.

Knyte saman

Gro Kraft understrekar at ein no må sjå dei tre kunstmusea i samanheng, og bruke ressursar som finst i Ålesund for å utvikle skulpturmuseet i Hornindal.

–Kube og Jugendstilsenteret i Ålesund har eit stort kunstinteressert publikum. Mange av desse kjenner ikkje til dette unike museet her i Hornindal. Det finst eit stort potensiale til at fleire skal ta turen til Hornindal. Dette er ein jobb som vi no skal gjere framover, seier Kraft som også vil ha eit meir levande museum i Hornindal.

Meir aktivitet

Kraft seier at Svor museum bør utviklast ved hjelp av tre hovudstrategiar. Det er ved å aktualisere kunstnarskapen til Svor, utstillingar som tek føre seg ulike tema eller verk som Svor har laga, samt bruke andre kunstnarar som kan stille ut i Hornindal.

–Vi må klare å nytolke Svor, til dømes gjennom å vise performence kunst. Samstundes som vi skal vise fram Svor sin kunst, kan vi også bruke utstillingar av samtidskunst i museet. Men det er også spennande å dukke ned i Svor sin kunst å bli betre kjend med han som kunstar, understrekar Kraft som no gler seg til å ta fatt på oppgåva med å få Anders Svor museum meir fram i lyset.

Felles billett

–Til dømes kan det bli aktuelt å tilby ein felles billett for dei kunstmusea i Ålesund og Svor museum i Hornindal. Ein skal nok ikkje reise langt utanfor Hornindal før mange ikkje kjenner til at denne staden har fostra ein av dei største billedhoggarane gjennom tidene. I si tid var han fullt på høgde med Vigeland, men på grunn av sosial status blei han ståande i skuggen av han. No er det vår oppgåve å løfte kunsten hans litt ut av denne skuggen, seier Kraft.

Levande museum

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er ny direktør for Musea på Sunnmøre. Som består av tre kunstmuseum og tolv kulturmuseum på Sunnmøre. Ho seier at aktivitet og utvikling ved Svor museum i Hornindal er viktig.

–Vi vil ha eit levande museum med ulike utstillingar som gjer at folk kjem for å sjå noko nytt. Vårt mål er at museet i Hornindal skal vere aktuelt og lokke folk til seg. Vi er svært glade for at Anders Svor museum har blitt ein del av Sunnmøre museum, og vi har tru på at det faglege ressursane knytt opp mot kunstmusea i Ålesund skal vere med å utvikle denne kunsten i Hornindal, sa Gregoriusdotter Rotevatn under opninga i Hornindal for to veker sidan.

Avtalen ikkje klar

Anders Svor museum ligg no i Volda kommune og Musea på Sunnmøre skal overta ansvaret frå Sogn og Fjordane museum. Denne avtalen er enno ikkje underskriven, der både Volda kommune og dei to fylkeskommunane er inne i bildet.