Ein sjåfør vart meldt og fleire fekk gebyr

Det var fleire som fekk gebyr og mangellappar under kontrollen på Kjøs onsdag. Ein sjåfør vart også meldt.

PÅ KJØS: Statens vegvesen kontrollerte 17 tungbilar og tre lettbilar onsdag.   Foto: Arkiv

Nyhende

Onsdag hadde Statens vegvesen ein kontroll av tungbilar og lettbilar på Kjøs. Det var totalt 83 tungbilar innom kontrollplassen, medan 17 vart kontrollert. I tillegg vart tre lettbilar kontrollert.

Totalt tre mangellappar på tekniske manglar vart levert ut under kontrollen. Desse gjekk på lys og underkøyringshinder. Ein sjåfør transporterte bil utan transportløyve. Ifølgje Statens vegvesen mangla sjåføren også yrkeskompetanse og vert rapportert til løyvestyresmaktene. Sjåfør vert meldt.

I tillegg vart det tre gebyr, der to av dei var for utslitne dekk og eitt grunna at førarkortet ikkje var medbringa.